Hol i tennene?

Karies, eller «hol i tennene», er faktisk den vanlegaste ikkje-smittsame sjukdommen me menneske får.

Vaksne får oftast hol i mellom tennene, og desse er ikkje synlege før dei er ganske store, difor tek ein røntgen av tennene. Negative faktorar som kan gjera at ein får hol, kan vera inntak av sukker (mengder/hyppigheit spelar ei stor rolle), ikkje optimale rutinar ved tannpuss, munntørrheit (dvs for lite produksjon av spytt), gamle/dårlege fyllingar. Bakteriar i munnen bruker sukker til å lage ei syre som bryt ned tennene, slik at tanna vert mjuk, og råtnar dersom ein ikkje får reparert den. Dersom kariesen, eller tannråte, når inn til nerva, kan ein få tannverk eller tannbyll. Då må tanna behandlast med ei rotfylling, eller den må trekkjast for å hindra betennelse i kjevebeinet. Dersom ein ikkje får behandling, kan dette medføra alvorlege infeksjonar.

Korleis kan ein vite om ein har hol i tennene?

Karies utviklar seg som oftast langsamt over fleire år. Ofte merker ein ikkje om hol utviklar seg, men symptom kan vera ising ved inntak av varmt, kaldt og sukker. Men du kan også ha hol utan å merka det, mens det har utvikla seg store skadar – dess fortare ein oppdagar hol og får behandla desse, dess betre for tanna – og økonomien. Derfor anbefaler me regelmessige undersøkingar.

Kva kan førebyggja hol i tennene?

-God munnhygiene: Tannpuss to gonger for dagen med fluortannkrem, tanntråd/mellomromsbørster
– Bruk av fluor: Tannkrem må innehalde fluor om den skal motverka karies, då fluoren får inn som nye byggjesteinar i tannvevet som er i  ferd med å bli øydelagt av bakteriar. Fluorskyll er også ein god ide, spesielt om du har små hol som vert overvaka av tannlegen, eller du har hatt hol før.
-Sunt kosthold og nøkternt sukkerinntak
-Kontinuerleg kontroll hos tannlegen eller tannpleie

Dine egne tenner er det beste du kan ha. Me vil helst at tanna di er intakt, og reparerer kun når me må. Små hol i emaljen kan stå i mange år utan å utvikle seg, ved hjelp av fluor og godt munnstell. Dersom holet er i vekst og strekkjer seg lengre inn i tanna, forbi emaljen, må den reparerast av tannlegen.